Velkomen som speidar i
Etne
Velkomen som speidar i
Etne. Til vanleg tar vi inn nye medlemmar når skulen startar om hausten. Følg
med på heimesidene våre, eller ta
kontakt.
Stifinnerar i 3. - og 4. klasse
Vandrerar frå 5. klasse
Som i anna barne- og ungdomsarbeid er det kjekt når mange vaksne er med som leiarar.
I speidaren i Etne har vi
oppgåver
til deg som vil vere med gutar og jenter på møter, turar og leire
til deg som vil gjere noko praktisk, mellom anna ta vare på utstyret vårt
til deg som kan tenkje deg "kontorarbeid"
til deg som vil administrere heimesidene våre
For tida treng vi vaksne som kan vere med på speidarmøta annakvar veke. Det er kjekt når det kjem mange deltakarar, og det er viktig for å halde interesse og motivasjon, at det er engasjerte vaksne med.
For dei som vil arbeide
praktisk er det både konkrete prosjekt, og "ledig" ein meir fast
"jobb" som materialforvaltar av mykje godt speidarutstyr.
Som leiar eller medlem i
speidaren kan du låne speidaren sitt utstyr når speidaren ikkje bruker det sjølv.
Ta kontakt på e-post eller med gruppeleiar Atle Aas, tlf. 53 75 46 02 eller 993 54 771.