Leiarbrev, oktober 2004
Vi er godt i gang, både meiser og ulvungar, og speidarar. Nedanfor er kretsen sin informasjon om leiarsamling i kretsen. Denne er kjekk å få med seg. Første fredag i desember blir det leiarsamling for "indre strok" i Skjold eller Vikebygd.
Følg også med på heimesidene, der blir saker og ting nå oppdatert fortløpande, etter at det var ein down-periode i vår.
Solgunn, Kari-Anne og Kari planlegg markering av 40 årsjublieet (som de har lest om i Grannar). Markeringa skjer i samband med årsfesten i februar 2005.
Harald og Atle skal gjere eit forprosjekt for å sjå om det går an å få pengar (m.a. frå Mellomkykjeleg råd i Den norske Kyrkja) til eit ferieopphald for barn frå barneheimen til venskapskyrkjelyden i Beit Jala, utanfor Betlehem i palestina.
LEIARSAMLING FOR KRETSEN 29.OKTOBER
Hyggeleg kveldssamling for leiarar, assistentar og rovarar
i Norheimskyrkja fredag 29.oktober klokka 19.00.
Det blir servering av reker, is og kaffi, god tid til prat med
andre leiarar og rovarar, litt nyheter frå kretsen, møte med
vår nye sekretær, nytt frå forbundet vårt og kanskje litt meir...
Tidlegare har me vore mellom 50 og 100 på desse haustsamlingane,
me håpar på like mange denne gongen også.
Sett av datoen og reis fleire frå gruppa!
Prisen blir berre 50 kroner for kvar, og rekning blir sendt gruppa.
Påmelding til kretsleiar Øyvind Valen på telefon 53769107.
I kretssamanheng kan Arne Hernes (ny kretssekretær) treffast på PF-kurset i oktober og på leiarsamlinga 29.oktober.
Kretsen har tilsett Arne Hernes som kretssekretær, men vi delr han med Bjørgvin og Sogn og Fjordane, så det blir nok dei som reiser på PF-kurs som får møte han.
Med helsing
Atle Aas
Gruppeleiar