Etne, 19. august 2006
Velkomen til eit nytt halvår!
Det er tid for å starte opp i speidaren att. I haust skal vi byggje leirområde og flåte på ein ny kjempeflott speidarplass som vi har fått lov å bruke.
Det blir masse praktiske oppgåver. Innimellom skal vi lære nye ting og å løp og oppgåver. På overnattingssturen skal vi ha redningsøvelse og lære førstehjelp. Det blir ein spennande haust!
Særleg velkomen til alle som har begynt i 5. klasse og andre som har lyst til å starte i speidartroppen.!
Helsing Ingunn, Atle og dei andre leiarane.
Speidardag: Søndag 8. oktober
kl. 11.00 – ca 15.00 blir det speidardag for
foreldre, søsken og småspeidarar på speidarplassen. Dette er avslutningen av speidarturen vår i haust. Ta med grillmat. Det vil vere litt veg å gå fra parkering til plassen vi skal vere.
Foreldremøte Leiarane i haust vil vere
Ingunn Frette, Erling Ronæs, Kari Aas Onstein og
Atle Aas. Harald er i
Stavanger og Vegard i militæret, og ikkje fast
med på speidarmøta. Atle jobbar
kvar tredje veke. Det betyr at vi
må ha foreldre med på møta. Litt berre for å vere
der, og nokon gongar
for meir bestemte oppgåver. For å planleggje dette har vi foreldremøte på Rygg bedehus onsdag
30. august kl 20.00. Her skal vi også
vaske leirutstyret etter Rørosturen. Kontingent: Kontingenten skal betalast innan 25. oktober og vil vere
om lag 380 kroner. Eige skriv kjem.
