Etne, 1. januar 2006
ÅRSMELDING
2005
Etne KFUK-KFUM-Speidarar har lagd nok eit aktivt år bak seg, kanskje det mest aktive nokon gong. I forkant av 2006 er vi 81 betalande medlemmar. Det er lenge sidan vi har vore så mange.
Årets store prosjekt var Abrahams Leir. Etne KFUK-KFUM-Speidarar tok initiativet til å invitere 15 palestinske ungdomar og fem leiarar til Etne og Noreg sommaren 2005. Etne Røde kors og Etne sokneråd var samarbeidspartnarar. I alt var 14 ungdomar og fem vaksne her frå 23. juni til 7. juli. Prosjektet skapte stor kontakt mellom palestinske og norske ungdomar, og det var ein svært fornøgd gjeng som reiste heim etter 14 dagar i Noreg. Atle Aas var prosjektleiar og Harald Frette Litlehamar var speidarrepresentant i prosjektgruppa. Det er lagd eigne rapportar frå prosjektet.
Sommarleiren vår, padleleir på Telemarkskanalen, arrangerte vi i samband med Abrahams leir.
Oversyn
over møte i 2005:
|
|
Vår |
Haust |
Sum |
|
Meis/ulvemøte |
7 |
8 |
15 |
|
Meise- og ulvetur |
1 |
|
1 |
|
Speidarmøte |
9 |
8 |
17 |
|
Turar |
1 |
|
1 |
|
Ungdomsskule/leiarweekend |
1 |
|
1 |
|
Sommarleir |
|
|
1 |
|
Årsfest |
1 |
|
1 |
|
Gudsteneste |
|
1 |
1 |
|
Foreldremøte |
|
1 |
1 |
|
Leiarmøte |
2 |
2 |
4 |
|
SUM |
|
|
43 |
Meiser og ulvungar hadde 15 møte og ein overnattingstur i 2005. Langt dei fleste møta var ute. På nokre møte i haust var det meir enn 50 deltakarar og 20 foreldre. Utan eit slikt frammøte av foreldre hadde det vore vanskeleg å gjennomført møta.
Leiarar har vore Marta Onstein, Anne Gunn Bjørnevik (våren), Gunn Nordis Ekornrud (våren), Hege Steindal (våren), Solgun Håheim og Steinar Frønsdal.
Speidarane har hatt 17 møte, padletur til Ekremsholmen og sommarleir. Gutane og jentene har stort sett hatt møte på same plass, og med same program, men mykje av opplegget har vore i patruljer, og patruljeførarane har gjort ein stor innsats, både i patruljane og ved instruksjonar for utvalde grupper.
Leiarar har vore Ingunn Frette, Kari Anne Rafdal, Atle Aas. Assistentleiarar har vore Vegard Ekrheim, Harald Frette Litlehamar, Ingjerd Løvgren Auestad (våren) og Kari Aas Onstein. Erling Ronæs har vore med på nokre møte i haust.
Nokre
arrangement gjennom året:
Det har blitt tradisjon at speidarar i ungdomsskulealder, nokre leiarar og vener og veners vener reiser til Røldal på planleggingsweekend i januar. I 2005 var vi 16 personar med stort og smått.
I februar fylte vi nok ein gong Enge bedehus på årsfest med opptaking.
I mai var speidarane på padletur til Ekremsholmen. Ein flott tur.
I juni var meiser og ulvungar på Rødekorshytta. Der er det alltid kjekt å vere.
Verd å nemne er også at i november bakte eit ukjent tal meiser og ulvungar lussekattar på 5 kjøken rundt i bygda. Det vart uhorveleg mange lussekattar. Takk til dei som stilte kjøkena til disposisjon.
Diverse:
Andre ting som er verd å nemne er at www.etnespeidar.com har vore oppdatert stort sett heile året. Det er stort sett Atle som har gjort dette arbeidet, og mange har besøkt sidene i år.
Harald Frette Litlehamar, Vegard Ekrheim, Margit Aas Onstein og Atle Aas reiste til Palestina og Israel i månadsskifte mars april, som eit ledd i førebuinga til Abrahams leir. Turen vart støtta av Frifond, Noregs KFUK-KFUM-Speidere. Atle har skrive eigen rapport om denne turen. Atle fekk reisestipend frå kretsen.
Økonomisk ser det ut til at vi kjem ut med eit overskot på kr om lag 9.000 kroner i 2005. Dette er svært gledeleg, den store aktiviteten tatt i betraktning, og at vi ikkje har hatt særskilte økonomiaksjonar. Hans Martin Harboe har også i år gjort ein god jobb som kasserar. Signe Ellen Fjæra har også i år stått for innkrevjing av kontingent. Det kommunale tilskotet vart i år på heile 19.000 kroner, noko som er med å sikre ein sutlaus økonomi.
Utstyret har også i år vore halde ved like, og vi vart nesten ferdig med ein meir omfattande kanodugnad i vår. Dette må gjerast ferdig til våren. Vi har kjøpt oss inn i klatreutstyret til Etne brannvernlag, og kan bruke dette utstyret på møter.
Utanfor gruppa er Atle Aas er med i komité som skriv ny speidarbok.
Solgun Håheim, Ingunn Frette og Atle Aas var på kretssamling i haust. Ingeborg Onstein, Ingunn Frette og Atle Aas var på adventstreff for speidarleiarar i Vats i desember. Fleire av ungdomane har vore på patruljeførarkurs.
Ved årsskifte vurderer vi å leige området bak Rygg bedehus, med m.a. forsvaret sine gamle bunkersar, til speidarområde. Dette er eit prosjekt som gir store muligheter, men vil koste både i pengar og tid.
Det er nødvendig å vere sikre på at prosjektet utløyser dugnadskrefter i foreldregruppa og andre steder, både til praktisk arbeid med området (ute og inne) og til leiararbeid i speidargruppa. Vi må bli fleire vaksne både på møte og i støttefunksjonar.
Etne 31.12.05
Atle Aas
Gruppeleiar