Røros 06
Sommaren nærmar seg, og det er tid for påmelding til høgdepunktet – Landsleiren Røros 06.
Leiren startar laurdag 29. juli sluttar
laurdag 5. august. Dette blir leir i eit område som er ganske
forsk
jellig
frå vårt, høgt over havet, vi har gangavstand til den gamle byen Røros, det ligg
eit ørkenområde i nærleiken, og dei gamle gruvene på Rørosvidda er spennande i
seg sjølv.
Informasjon om leiren finn du oppdatert på www.landsleir.org.
Pris for leiren 1500,- pr. speidar (inkl mat, program m.v.
Fleire søsken 1200,- pr speidar.
Speidargruppa betaler for leiarar over 18 år/foreldre som er med..
Reise: Det er enno ikkje klart korleis vi reiser. Vi har ikkje fått plass på toget frå Rogaland. Det betyr at vi må rekne med overnatting undervegs. Vi får til eit opplegg der reisa ikkje blir dyrare enn 1500 kroner, sannsynlegvis billigare. Vi må reise i løpet av fredag, og kjem heim søndag.
Støtte:
Sett av 5 april! Då vil foreldra arrangere basar knytt til speidarmøte, og vi treng foreldre som kan køyre speidarar rundt for å selje lodd. Vi trekker same kveld, og køyrer gevinstane ut. Inntektene blir delt mellom støtte til deltakarane på landsleiren, og kjøp av nytt telt, som vi må ha.
Vi søkjer også støtte flest mogeleg plassar. Vi skal gje minst kr. 500 i støtte til kvar deltakar, men vi reknar med vi skal få til meir.
_____________________________________________
Påmelding:
Lever/send til Atle Aas, Litledalen, 5590 Etne innan 25. mars. Betal samtidig leirkontingenten (ikkje reisepengar) til kto. 3543 27 13 367. Ved avmelding før 1. juli blir halve leirkontingenten refundert.
Namn:___________________________________________ skal vere med på Landsleiren.
Mobiltelefon til deltakar: ____________________
Mobiltelefon/anna måte å kontakte føresette på under leiren: _______________________
Gi opplysningar om spesielle behov, eller eigen transport, på eige ark.
Skal vere med på fellestransport. Vi ordnar transport sjølv. (stryk det som ikkje passar)
______________________________________ Underskrift føresett