Etne KFUK-KFUM-Speidarar
Referat frå Årsmøte 09. januar 2006
Til stade: Vegard Ekrheim, Ingunn Frette, Marta Onstein, Kari Aas Onstein, Lillian Frette, Ragna Elise Støle, Atle Aas (ref).
Innkalling og saksliste vart godkjent, med tillegg at vi måtte velje komite til Årsfest. Årsmelding vart lest av Atle. Godkjent med tillegg. Blir lagd ut på www.Etnespeidar.com. Atle orienterte om økonomien. Overskotet for 2005 blir 9.000 kroner.
Leiarsituasjonen. Atle presiserte at gruppeleiarjobben var ledig, men ingen melde seg på, så han held fram. Vi treng fleire leiarar, speidartroppen har prioritet. Vi må også ha ny kasserar.
Vi vurderer annonse i Grannar – Atle lager framlegg og sender rundt.
Marta og Atle snakker med folk som kan vere aktuelle for kasserar/økonomi-funksjonen.
Arbeidsplan – vi gjekk gjennom felles arrangement mellom ulv/meis og speidar.
Speidarane set opp dato for mimretreff etter Abrahams leir
Ragna Elise, Lillian og Kari er komité for årsfest, spør om hjelp når dei treng
Atle tar kontakt med Rogaland krets om å vere med på deira tog til landsleiren.
Skal vi leige forsvaret sine bunkersar? Vi har tilbod om dette, og skal gje pris. Vi mangla framleis oversyn over kostnadane (kondensatorar til uttørking av lokalet, straum). Vi må ha dette før vi kan gje pristilbod. Vi må ha nytt møte.
Eit anna spørsmål er om vi får ei gruppe foreldre til å ta eit praktisk ansvar.
Budsjett – Vi har 35.000 på bok, og skal ha utlodding m.v. Vi kan gå med underskot i år, som er landsleirår. Vi kan bruke opp mot 50.000 kroner, og rekne med at vi får kommunalt tilskot som fyller på igjen mot slutten av året.
Vi støtter dei som reiser på landsleir med 500 kroner, i tillegg til å betale for leiararne. Ved god basar kan vi støtte meir.
Eventuelt – mogeleg forespørsel om fleire speidarar – vi diskuterer dette litt meir på Fjellstøl. Problem å ta inn jenter no, grunna patruljearbeid, samstundes treng vi nye jenter.
Etter møtet har Atle kome på at vi gløymde å bestemme at vi skal kjøpe eit telt til, som vi treng før Røros. Eg reknar med at vi gjer dette, viss eg ikkje får innvendignar. I tillegg vil vi søkje Etne KFUK-KFUM om eit telt.