KFUK-KFUM-speidarane i Etne

Gruppeleiar Atle Aas, Litledalen,

5590 Etne, tlf. 53 75 46 02 / 993 54 771

E-post: post@etnespeidar.com

     www.etnespeidar.com

 

 

Kasserar: Leif Grindheim, Sørstranda, 5590 Etne. Bankkonto: 3543 27 13 367

Medlemskontingent: 3543 13 10 676

 

Kontingent 2008

Det er tid for kontingenten til speidaren for neste år. Kontingenten dekkjer speidarblad, program frå sentralt hald, ei skade og ulukkesforsikring, kretskontingent og porto til våre eigne utsendingar.

 

Merk at kontingentpengane ikkje skal betalast til den vanlege speidarkontoen, men til kto: 3543 13 10 676, Leif Grindheim, Sørstranda, 5590 Etne innan 20.10.

 

Kontingenten er følgjande:

Eitt medlem i familien                         380,-

To medlemmar betalar kvar                360,-

Tre medlemmar betalar kvar               325,-

Fire medlemmar i same familie          305,-

Fem medlemmar i same familie         275,-

 

Der det er bedt om fødselsdato på giroende skrive dette på (krav frå departementet). De kan betale for fleire barn på same betaling, eller betale med nettbank, men merk tydeleg kven det gjelder i merknadsfeltet. (namn + fødselsdato).

 

Bilde på speidaren sine heimesider: Bilde av småspeidarar i gruppe kan leggast ut, for 5.-7. klasse også med førenamn. For ungdomsskuleelevar også med fullt namn etter avtale. Foreldre som ikkje ønskjer at barna skal vere med på bilde på internett må ta kontakt med ein av leiararane i speidaren, og seie ifrå.

Venleg helsing Atle Aas

Gruppeleiar

 

Tekstboks: Speidarfest!

Speidarfesten er flytta frå februar til oktober:

Tida er 28. oktober kl 15 – 18, og plassen er Rygg bedehus.

Ta med besteforeldre og andre speidarvener og kom. 

Det er fint om kvar familie tar med kake eller gevinst (20-30 kroner) til ei lita utlodning. 

Kanoar i Litledalsvatnet

Det ligg kanoar og årer på ”Speidarplassen” ved Litledalsvatnet til og med haustferien. Speidarfamiliar kan låne kanoane fritt. Hugs padlevestar eller lån speidaren sine (hos Atle og Marta). Frå midten av april neste år vil det igjen vere mogeleg å låne kanoar frå speidarplassen

Speidarfamiliane kan låne kanotilhengaren eller anna utstyr også. Ta kontakt med Atle.

 

3543 13 10 676

 

 

 

 

 

 

 

 

20.10.07

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

KFUK-KFUM-Speidarane i Etne

v/Leif Grindheim

Sørstranda

5590 ETNE

 

 

 

 

 

 

 

3543 13 10 676