Odd Einar ny troppsleiar
Odd Einar Lundervold overtar som troppsleiar
for dei store speidarane i
haust. Etter å ha dratt lasset i 18 år skal Atle Aas ha ein
litt meir tilbaketrukke
posisjon på møta. Fleire foreldre blir med på møta.
Odd Einar bur i Vats,
og er gift med Bodil Udstuen undervold som er frå Sørstranda. Han har vore med i speidaren i Etne siste året og har tidlegare
vore ungdomsarbeidar i Etne
KFUK-KFUM.
- Det har blitt
tyngre å dra i gang igjen etterkvart, seier Atle, og no
låg det til rette for at Odd Einar får ei meir
sentral rolle. Det erflott når nye krefter er klare
til å ta tak. Med foreldra som har sagt ja til å vere
med, har vi ei god leiargruppe.
Ingunn Frette og Kari
Aas Onstein skal framleis vere med som leiarar, og fleire foreldre har
sagt ja til å vere med på møter. Kabalen blei lagt på
foreldremøte 10. september. Berre skuffande tre
foreldre møtte der, men nokon hadde tatt kontakt på
førehand, og sagt seg villig til å vere med.
I haust skifter speidaren også dag til måndag. Nokon
vil starte opp i speidaren etter haustferien, når
fotballen slutter.
På foreldremøte vart
det også orientert om at det ikkje blir organisert
tur til europeisk YMCA sin leir i Praha, slik vi har
snakka litt om. I stadet samlar vi oss om kretsleiren
på Fitjar. Leiren er saman med Rogalnd
krets, og sidan dette er dei
to største Kretsane i KFUK-KFUM-speidarane,
vil det bli ein stor leir.
Leiren er tidleg i august.
Atle Aas skal framleis
vere gruppeleiar i Etne
KFUK-KFUM-speidarar.