Etne KFUK-KFUM-speidarar

Internett: www.etnespeidar.com

E-post: post@etnespeidar.com

Gruppeleiar: Atle Aas, Litledalen, 5590 Etne.

Tlf. 53 75 46 02, E-post: atle@etnespeidar.com

 

Årsmelding 2006

 

Etne KFUK-KFUM-Speidarar har lagt nok et aktivt år bak seg. Landsleiren på Røros, med landspatruljekonkurransen, prega året i speidartroppen.

Haiken på landsleiren var årets høgdepunkt for nokon. Mange hugsar også JOTI og leirbygging på Maiaskardsneset. I forkant av 2007 er vi 70 medlemmar. Dette er ein nedgang frå siste år, som skuldast at meis og ulv tar inn eit årskull mindre.

 

Meis og ulv har hatt møte annakvar tysdag med Solgunn Håheim, Steinar Frønsdal, Kari Aas Onstein og Marta Onstein som leiarar. I vårhalvåret møtte om lag femti barn på kvart møte, og for hausten vart det bestemt at ein ikkje skulle ta inn nye frå andre klasse. I haust har det vore rundt 30 på møta. Mange foreldre er trufast med på møta, og dette har vore viktig for å kunne gjennomføre med så mange deltakarar. Meise- og ulveturen var på Osnes i juni, med overnatting i telt.

 

Speidaren, frå femte klasse, har hatt møte annakvar onsdag. Vi har gått over til to-timars møte, noko som gir oss god tid på møta. Særleg på utemøta har dette vore bra.

 

Det har vore mellom 20 og 25 på dei fleste møta. Ingunn Frette, Kari Aas Onstein og Atle Aas har vore faste leiarar gjennom året, med støtte frå Erling Ronæs og Kari Anne Rafdal. Fram til sommaren var Vegard Ekrheim og Harald Frette Litlehamar med. Dei er no ute av bygda for andre oppgåver. Frå i haust har Odd Einar Lundervold blitt med som fast leiar. Dette har vore ein stor styrking for oss. Både Odd Einar og Atle arbeider for tida i skiftordning, noko som krev litt ekstra av dei andre leiarane.

 

Møte gjennom året

Vår

Haust

Sum

Meis/ulvemøte

8

8

16

Meise- og ulvetur med overnatting

1

 

1

Speidarmøte

9

8

17

Turar med overnatting

1

1

2

Ungdomsskule/leiarweekend

1

 

1

Patruljeførarsamling

 

1

1

Sommarleir

1

 

1

Årsfest

1

 

1

Foreldremøte

1

1

2

Årsmøte/Leiarmøte

2

2

4

Basar til utstyr og reise til leir

1

 

1

SUM

26

21

47

I vårhalvåret var vi på hyttetur til Hanne Løvgren si hytte. I eit forrykande vindver måtte vi finne ein annan veg enn planlagt til bygda, vi makta rett og slett ikkje gå mot vinden.

 

Dei siste møta før sommaren var nede ved elva hos Nils Bertolt Flatebø. Ein flott plass for leirtrening i gangavstand til bedehuset.

 

I sommar var vi i alt 23 speidarar og vaksne på landsleir på Røros. Leiren var ei fantastisk oppleving, med eit svært godt gjennomtenkt og gjennomført program. Jentepatruljen Delfin tok del i Landspatruljekonkurransen i samband med leiren, og kom på ein særs god 19. plass, etter å ha vore oppe på 3. plass i forkant av leiren. Vi fekk andreplass for beste leirområde i underleiren. Hanne Løvgren var også med som leiar på landsleiren, og fleire foreldre var på besøk.

 

I haust fekk vi lov å lage speidarplass på Kaldheim, og har hatt dei fleste møta der. Speidarturen var også der. Eit voldsomt regnvêr gjorde at vi avslutta turen søndag morgon, og ein planlagd speidardag med meis og ulv og foreldre vart også avlyst.

 

Også i år har vi gjennomført dei faste arrangementa, Røldalstur i januar og årsfest i februar. Meiser og ulvungar bakte lussekattar på tre kjøken rundt om i november.

 

For første gong var speidarar frå Etne med på JOTI. Frå datarommet på Enge skule hadde vi kontakt med speidarar frå 55 forskjellige land over to dagar.

 

Atle har saman med Etne vidaregåande skule utvikla prototyp til ein berbar speidareldstad, som vart prøvd ut på leiren på Røros. Etne vgs skal lage ein eller to modifiserte typar, så får vi sjå om dette ikkje blir noko ”alle” speidargrupper må ha. Den første ugåva var i alle høve farleg effektiv, på den måten at han samla varmen og gav mykje strålevarme. Særs effektiv til potetkoking.

 

Tidleg i året vurderte vi å leige forsvaret sine gamle bunkersar bak bedehuset på Rygg til speidarlokale. Då vi fikk oversyn over kostnadane til straum for å halde dei tørre, gav svaret seg sjølv, dette var ein kostnad vi ikkje kunne ta på oss, og prosjektet vart skrinlagt.

 

Også i 2006 har speidaren hatt ein solid økonomi. Vi har kjøpt to nye Helsport family 6-8 patruljetelt, slik at vi i dag har fire. Med dei gamle patruljetelta er vi særs godt rusta på utstyrssida. Vi har også dekkja mykje av kostnadane med speidarane si reise til Røros, i tillegg til at vi betalar leiarane sine kontingentar. Likevel går vi ut med eit overskot på 1.077,-. Dette skuldast god støtte, særleg frå kommune, men også frå bank, sokneråd og andre. I 2006 hadde vi også eigen basar, med stort overskot (11.000). Dette er ein aktivitet vi kan gjere om att einskilde år.

 

Hans Martin Harboe har gjort ein god jobb som kasserar. Han takkar av ved årsskifte, og Leif Grindheim tar over. Vi har overlevert speiderhåndboka til kommune og kyrkje som takk for god støtte over mange år.

 

(Ved ein feil vart det først opplyst at vi hadde eit underskot på 20.000. Dette kom av at det kommunale tilskotet for 2006 først vart registrert i banken i januar 2007).

 

Kanoane held godt, men vi vart ikkje heilt ferdige med dugnaden for 1 ½  år sidan, og dette er framleis ikkje fullført. Her er behov for ein innsats før eventuelt større arrangement. Denne vinteren har vi leigd plass for dei i lageret til Steinar Hardeland, og det er ei sutalaus ordning vi nok skal halde fram med.

 

Nettstaden vår, www.etnespeidar.com har vore oppdatert heile året. Det er stort sett Atle som har gjort dette arbeidet, og mange har besøkt sidene. Vi blir også lagt merke til av andre, ei sørlandsgruppe har lagt ut link til instruksjonane for å sy bestikkposar.

 

Ingunn Frette og Atle Aas representerte Etne KFUK-KFUM-Speidarar på årsmøte i Haugaland krets. På haustsamlinga var Marta Onstein, Atle Aas og Kari Aas Onstein.

 

Ragna Elise Støle har vore på PF-kurs.

 

Kari Aas Onstein har vore med som leiar på PF-kurs på Utsikten.

 

Marta Onstein og Atle Aas fekk i januar Sunnhordland prosti sin frivilligpris, mykje for arbeidet med speidaren i Etne og for arrangementet Abrahams leir, sommaren 2005.

 

Margit Aas Onstein var ein av to ansvarlege for misjonsmarkedet på Landsleiren på vegne av KFUK-KFUM Global. Frå september 2006 til mai 2007 er ho på ungdomsutveksling med GoCY i Øst-Jerusalem KFUK.

 

Lillian Frette Litlehamar er påmeldt til verdsjamboreen i England sommaren 2007 i samband med 100-årsjubileet for den første speidarleiren på Brownsea Island i 1907.

 

Atle Aas har vore med i redaksjonen for den nye speiderhåndboka som vart lansert på landsleiren. Etne er sterkt representert i boka (sjå sidene med namn bak i boka og mange bilder av etnesbu), noko som også vart markert med eit solid oppslag i Grannar i haust. Også etter landsleiren var vi omtalt i Grannar.

 

Atle Aas representerer Etne KFUK-KFUM-Speidarar i arbeidsutvalet til Etne KFUK-KFUM.

 

Også 2006 var eit aktivt og godt år i speidaren i Etne.

 

Etne 31.12.06/20.01.07

 

 

Atle Aas

Gruppeleiar