Etne, 23. mars 2007

 

 

Referat frå årsmøte 21.03.07

 

Til stade: Solgunn Håheim, Ingunn Frette, Lillian Frette Litlehamar, Åshild Løvgren Auestad, Odd Einar Lundervold, Marta Onstein og Atle Aas. Kari Aas Onstein var til stades på siste del av møtet.

 

Saksliste:

  1. Konstituering Atle Aas leia møtet
  2. Årsmelding og rekneskap.

Framlegg til årsmelding vedlagd. Årsmeldinga vart opplest og godkjent. Vi er imponert over kor stor aktivitet vi har.

 

Det var i innkallinga oppgitt at vi hadde eit underrskot på om lag 20.000. Dette var ikkje rett. Kommunen hadde overført sin stønad i banken 03.01.07, og var såleis ikkje med i det første overslaget vårt.

 

Vi hadde eit overskot på 1077 kroner. Dette er imponerande, særleg når ein ser på den store aktiviteten i 2006. Rekneskapen vart godkjent.

  1. Årsrytmen

Årsfesten 2007 vart tatt godt i hamn, men med eit nødskrik, av for få leiarar. Er årsfesten i noverande form gått ut på dato? (og dessutan feilplassert, sidan det går for lang tid før nye medlemmar blir tatt opp?)

Dette er eit oppsett på ein mogeleg (delvis ny) årsrytme:

Januar: Røldalstur (skal vi halde på denne?) *

Februar/mars: Friluftsdag med turlag og andre - ”Kom deg ut” (ny) *

Mai/juni: Speidartur / småspeidartur (som no) *

Sommar: Ein eller annan speidarleir (som no) *

September/oktober: Speidardag med opptaking og opplegg for foreldre og andre, med eller utan speidartur. (ny)

 

Vedtak: Som over, men innandørs årsfest i november, gjerne på Rygg bedehus, om ein kan få det til der. Odd Einar er vaksen ansvarleg for arrangementet. Vi supplerar med ungdom og foreldre i komité.

 

Vi inviterer Skåneviksspeidarane til arrangement med *.

 

Vi vurderer løpande om det er aktuelt å reise til Europeisk KFUM sitt arrangement sommaren 2008.

 

  1. Økonomi

n      Viss vi kjem i gang, bruker vi noko pengar på hyller og skap på Galleriet på bedehuset

n      Viss vi får eit framlegg tilbake frå Etne vidaregåande kan det vere aktuelt å kjøpe dei til å lage tre-fire speidaromnar, vidareutvikla frå den vi hadde på Røros.

n      Vi kjøper fleire koppar til gåver, identiske med fjoråret sine.

n      Vi kjøper turkoppar i plast, om vi kjem over dette (25-30 stk)

n      Vi kan kjøpe ein tur-wok og kjelesett om vi finn noko bra.

n      Vi kjøper nokre speidarbøker og kan også bestille konvoluttar med merke.

n      Vi søkjer Etne KFUK-KFUM om eit generelt driftstilskot dersom der ser ut som det er behov for det.

n      Vi betaler resten av Lillian sin Jamboree, og søkjer ikkje spesielt stønad andre plassar.

 

  1. Val:

Vi bør kvart år diskutere leiarverv. Som før er det lov å overta som gruppeleiar, viss nokon vil. Vi skal også velje eit styre. Sittande har vore Atle Aas (gruppeleiar/leiar) Solgunn Håheim og Harald Frette Litlehamar.

 

Gruppeleiar: Atle Aas

Styre – Ingunn Frette går inn i staden for Harald.

 

Atle orienterte om eventuell registrering med organisasjonsnummer.

 

  1. Sommarleir med friluftsgudsteneste og markering av 100-årsjubileum.

Om morgonen  1. august er det 100 år sidan den første speidarleiren vart opna i England. Dette skal markerast over heile verda. Soknepresten har spurt om samarbeid om friluftsgudsteneste. Viss vi lager speidarleir (på Osnes ?) frå midt på dagen søndag 29. juli til utpå dagen onsdag 1. august, kan vi ha friluftsgudsteneste t.d. kl 17.00 søndag, og markering kl 08.00 onsdag morgon av speidarjubileet (På bygdaborgen ovanfor Osnes ???). Vi utnytter samstundes den halve veka før Etne-marknaden.

 

Komite  - Odd Einar, Leirsjef, Atle, Program, vi ordnar resten etterkvar. (Etter møtet kom eg på at Margit sikkert kan vere med med opplegg frå Palestina).

 

Småspeidarane med foreldre blir invitert til gudsteneste, elles ingen opplegg.

 

Odd Einar nemner leiren for Vats.

 

Atle gir beskjed til Jens Olav, Odd Einar kontaktar Friluftsråd og Olav Vik-stifting (Petter Åsheim).

 

Turen 2-3. juni blir avlyst då Atle skal reise vekk og Odd Einar er på jobb.

 

  1. Samarbeid med sportsbutikk

Det er konkurranse i marknaden for sportsbutikkar. Kanskje blir vi spurt av den nye butikken om å vere med å utvikle aktivitetar. Dette er avhengig av at leiarar ønskjer å vere med.

 

Framlegg til haldning/vedtak:

Vi skal på innkjøpssida halde fram det gode samarbeidet vi har hatt med MX-sport, dersom butikkane prismessig kjem omtrent likt ut, men vi kan utvikle aktivitetstilbod saman med Zporty-butikken, om dette er aktuelt for dei og oss.

 

Vedtak som framlegg.

 

  1. Ny aldersinndeling – nytt program:

Landstinget kan kome til å vedta ny aldersinndeling. Nytt program kan kome i løpet av våren. Skal vi gjere noko med det? Her er framlegg til aldersinndeling (viktigast) og namn:

2. og 3. trinn        

4. og 5. trinn  

6. – 9. trinn     

fra 10. trinn og oppover                

oppdagere
utforskere
eventyrere eller pionerer
brobyggere

Overgang til ny aldersgruppe skjer etter sommerferien. For aldersgruppen fra 10. trinn og oppover er det første året å regne som aspiranttid.

 

Vedtak: Ingen raske endringar, som blir problematiske for dei som måtte vente på å få ta til i haust.

 

22.03.07

Atle Aas

Gruppeleiar