Etne, 23. april 2007

Tekstboks: Foreldre-dugnad
Alt leirutstyret må vaskast før sommaren.  (no er det ikkje berre snakk om trivsel, men også hygiene) Det kan ikkje leiarane gjere åleine. 
Møt på Rygg bedehus 6. juni kl. 19.00.
Det er fleire oppgåver, så har du ikkje høve denne dagen, så ta kontakt med Atle.
Frilufts-gudsteneste
For heile familien på Osnes søndag 29.07 (Olsok) kl 17.00
Høve til å grille på speidarane sine eldstader etter gudstenesta.
100 - års-markering 
Onsdag 1. august kl 08.00 er det 100 år sidan Robert baden-Powell blåste i hornet, og markerte opninga av den første speidarleiren i verda.

Vi markerer dette på bygdeborgen på Borgaråsen mellom Osnes og Matskor denne dagen kl. 08.00, saman med speidarar frå heile verda. (ikkje alle kjem til Borgaråsen). Det er fint viss foreldre og andre har lyst til å vere med.

Det blir dessverre litt endringar i programmet i vår. Den nye planen er slik:

 

17

25.04

Onsdag

Speidarplassen

Speidarmøte

19

9.5

Onsdag

Avlyst

Avlyst

 

 

 

 

 

21

23.05

Onsdag

Julaskår

Speidarmøte Kano og klatring

22

2.-3.

Lø-sø

Avlyst

Avlyst

23

6.6

Onsdag

Rygg bedehus

Foreldre – vask av leirutstyr

30-31

29.7 – 1.8

Sø-ons

Osnes

Sommarleir

Informasjon nedanfor

 

 

Sommarleir på Osnes

Me vil med dette invitere alle speidarane i Etne med på Sommarleir.

 

Leiren startar sundag 29/7 kl 14.00 og blir avslutta onsdag 1/8 kl 12.00

Leiren vil bli på Osnes og me fortset med temaet som har vore gjennomgangstemaet dette året, nemleg Speiding i 100

På leiren vil det mellom anna bli:

-         Markering av 100 årsjubileumet for den første speidarleiren

-         Bading

-         Kano

-         Mogleg at det blir invitert andre speidargrupper

-         Friluftsgudsteneste

-         Patruljekonkurranse(r)

Me startar leiren på sundagen med friluftsgudsteneste kl 17.00 og grillparty kor slekt er hjarteleg velkomne. Ta med grillmat.

 

På onsdagen håpar me at foreldre kan vere med å rydde leirområde etter markeringa av 100-årsjubileet. Vi reknar med at vi starter ryddinga ca 10.00.

Påmelding til undertekna på telefon 911 90 945 innan 13.juni

Pris kr 250,-

Helsing

Odd Einar Lundervold, leirsjef

og alle dei andre leiarane