Etne, 30. desember 2007

 

Fjellstøl 18. – 20. januar 2008

 

 

Tradisjonen tru har Etne KFUK-KFUM-Speidarar bestilt Fjellstøl, tidlegare skyss-stasjon i Hordadalen til planleggingsweekend

 

18.- 20 januar

 

Turen er for speidarar i ungdomsskule- og vidaregåande alder, og målet er å planlegge speidarmøta i vår.

 

Vi har (også) i år god plass til speidarfamiliar og venner. Vi sender difor denne invitasjonen ut til nokon fleire enn vanleg. Snakk gjerne med andre også. Det er plass til om lag 25 personar og tar med til det er fullt.

 

Hytta ligg på høgde med toppen av det første skitrekket i Røldal, om lag 500 meter unna. Det er flott utgangspunkt for to fine dagar i trekket, men det er også gode forhold for bortoverski. Gamlevegen, som hytta ligg ved, er ein slak skibakke ut til parkeringsplassen, så ingen er nødt til å køyre slalombakken.

 

Vi bestiller snøscootertransport til bagasje og eventuelt barn for å kome opp til hytta fredag kveld.

 

Pris: Speidarar i ungdomsskulealder 300,- (betaler berre overnatting). Leiarar gratis.

Andre kr 500,- som dekkjer overnatting og mat, samt scooter-tansport opp. (I tillegg kjem heiskort og skileige for dei som ønskjer det)

 

Avreise: Vi køyrer samla frå Grønstad skule kl 18.00 (Må vere ferdig med transport opp til kl 21, det er dyrare å leige scooter etter denne tida.)

 

Mat blir kjøpt inn og lagd felles.

 

Heimreise i løpet av søndagen, avhengig av været.

 

Påmelding til Lillian Frette Litlehamar (45 45 26 10) eller Atle Aas (993 54 771) atle@etnespeidar.com. Innan måndag 14. januar.