Etne KFUK-KFUM-Speidarar

 

 

Leiarbrev nyttår 2007 – 2008

 

Gladmelding: Vi fekk 16.700 kroner frå kommunen. Det betyr at økonomien er rimeleg grei framleis!

 

Sjølv om vi har igjen 50-60 kalendrar og går på ein stor smell med desse. (Nokon som gidder gjere noko med det?)

 

Det blir Fjellstøl-tur 18. – 20. januar. Vedlagd infoskriv. Det ser ut som nokon av dei trufaste familiane som er med småspeidarane blir med. Det kan bli kjekt.

 

Dei store speidarane har første møte måndag 21. januar. Treng vi eit leiarmøte før Fjellstøl for å planlegge, eller held det med Fjellstøl?  Atle blir lite med på møta i vår, men tar ansvar for internasjonalt møte 10. mars.

 

Odd Einar må innkalle til leiarmøte viss det er behov for det. Eg reknar med at småspeidarane planlegg sjølv, evt. på Fjellstøl.

 

Skal vi ha annonse i Grannar om at vi startar opp?

 

Speidarkretsen har årsmøte i Vindafjordhallen 2. februar. Kven kan reise dit?

 

Etne KFUK-KFUM-Speidarar må ha eit årsmøte. Eg foreslår

 

Måndag 11. februar kl 19.30 – etter speidarmøtet. Går dette bra?

 

Ei hovudsak blir kva vi gjer med det nye programmet frå hausten av. Skal vi tenkje på om det er behov for leiaropplæring, med sikte på nye leiarar?

 

Nedanfor er møtedatoane for storspeidaren, sett opp fram til påske.

 

Med ønskje om eit godt nytt år!

 

Atle

Gruppeleiar

 

Veke

Dato

Dag

Oppmøte

Kva

Med-hjelparar

4

21. januar

Måndag

Rygg bedehus

Bestikkposar/leirbålskapper

 

7

11. februar

Måndag

Rygg Bedehus

Knutetavle

 

8

18. februar

Måndag

 

Vinterferie

 

9

25. mars

Måndag

Rygg Bedehus

Ferdig inneaktivitetar

 .***

11

10. mars

Måndag

Rygg Bedehus

Internasjonalt?

Atle?

12

17. mars

Måndag

 

Påskeferie