|
Møte gjennom året |
Vår |
Haust |
Sum |
|
Småspeidar |
9 |
7 |
16 |
|
Småspeidartur med overnatting |
1/ to
dagar |
|
2 |
|
Speidarmøte |
7 |
7 |
14 |
|
Friluftsdag (i samarbeid med turlag, røde kors og
skigruppe) |
Avlyst
pga ver |
|
|
|
Turar med overnatting |
1/ to
dagar |
|
2 |
|
Ungdomsskule/ leiarweekend |
1/ to
dagar |
|
2 |
|
Patruljeførarsamling |
|
|
|
|
Sommarleir |
|
1/ 6 dagar |
6 |
|
Årsfest |
|
1 |
1 |
|
Foreldremøte |
|
|
|
|
Årsmøte/Leiarmøte |
2 |
1 |
3 |
|
Jamboree on the Internet |
|
1 |
1 |
|
SUM |
24 |
23 |
47 |
Etne
KFUK-KFUM-Speidarar
Årsmelding
2008
Nok eit aktivt år ligg bak Etne KFUK-KFUM-Speidarar. Programmet har vore allsidig, med vekt på uteliv i ulike formar. I haust har små og store speidarar hatt fellesmøtetid.
Speidarmøte
I vår hadde småspeidarane og speidarane møte til ulike tider/ stader. Nytt frå hausten er at dei har hatt møte same tid/ stad, med noko program saman og noko kvar for seg.
Vi har har brukt heile bygda til møte. Osnes, Sentrum, Rygg bedehus, Enge skule, Enge gamle skule, speidarplassen ved Litledalsvatnet, og avslutning med lussekatbaking i tre heimar for småspeidarane og grautfest for dei store på bedehuset. Imponerande.
Småspeidarane har vore rundt 20 på møta, og har stadig mange foreldre med. Dette er viktig for å arrangere møta på ein god måte. Steinar Frønsdal, Solgunn Håheim, Oddbjørn Sande, Marta Onstein (vår) og Kari Aas Onstein (vår) har vore dei faste leiarane også i 2008. For første gang var småspeidarane frå Etne med på kretsen sin leir på Blikshamn på Karmøy. Dette gav meirsmak.
Også av dei store har det møtt mellom 15 og 20 kvart møte. Vi var med Vatsspeidarane på leir på Revsnes i juni. 11 speidarar og leiarar var med på kretsleiren på Fitjar, arrangert saman med Rogaland Krets. Eit vellukka arrangement. Ingunn Frette, Odd Einar Lundervold, Kari Aas Onstein (vår), har vore trufast på møta, med støtte frå Mette Heidi B Ekrheim og Roger Nilsen. I vår hadde speidarane møte med speidararbeidet i Polen, ved at organist Chris Utila var med på møte og fortalte.
Vi har halde fram med årsfesten om hausten, og dette var også i 2008 særs vellukka, med stort frammøte og full storsal på Rygg bedehus.
Informasjon:
Etnespeidar.com har stort sett vore oppdatert heile året, og mange besøker sidene. Vi har hatt annonse i Grannar om oppstart av speidaren med møtedagar i haust.
Økonomi
Takka vere god støtte frå kyrkjelyd, bank og kommune, har speidaren framleis ein grei økonomi. Etter underskot i 2007 var vi forsiktige i 2008, og hadde eit overskot på 6.194,- etter at 7000 kroner er sett av til innredning på galleriet på bedehuset, eit prosjekt som vart utsett i fjor grunna vanskeleg økonomi. Atle Aas har overteke som kasserar, og synes det er arbeidsbesparande å kombinere dette med gruppeleiaransvaret, nå når han ikkje er på speidarmøte fast lenger.
Vi har redusert talet på kalenderar vi har for sal, og opplevde i år å selje ut, samt at speidarar kom for å få fleire. Dette er bra.
Representasjon:
Lillian Frette Litlehamar har vore med som leiar på kretsen sine patruljeførarkurs.
Lillian Frette Litlehamar og Åshild Løvgren Auestad var på ”Fyr og Flamme”-kurs på Nordtangen.
Kari Aas Onstein er blitt gruppeleiar i Ullernspeiderne i Oslo.
Margit Aas Onstein var i haust med på olivenplukking i Palstina i regi av Jerusalem YWCA og Beit Sahor YMCA.
Ingjerd Løvgren Auestad var til stades på julaftangudstensete i venskapskyrkjelyden i Beit Jala.
Atle Aas er leiar i bedehusstyret på Rygg bedehus.
Atle Aas
representerer Etne KFUK-KFUM-Speidarar i arbeidsutvalet til Etne KFUK-KFUM.
Utstyr:
Vi har ikkje investert i nytt utstyr i 2008, men ein god Old town kano, eigd av barneverntenesta i Etne, et blitt fast inventar på kanohengaren vår.
Fleire kanoar låg ute på speidarplassen i sommar, og mange familiar lånte desse. Det er behov for dugnad på kanoane før dei blir tatt i bruk i vår. Også i vinter har vi sett kanotilhengaren inn på betalt plass hos Etne Septikservice.
Avslutning:
Det er alltid imponerande å summera opp speidaren sin aktivitet gjennom eit år. Speiding er og skal vere variert aktivitet med utvikling av ”heile mennesket”.
Gjennom spennande aktivitetar, møte med nærverande vaksne og forkynning og opplæring i kristendom på kvart møte, trur vi at vi er viktige for kvar speidar.
Etne 31.12.08/03.03.09