Padleleir Ekremsholmen fredag 3. til laurdag 4. juni
Start: kl 18.00 fredag Østebøhammaran (grøn garasje ved rasteplass på høgre side vel ein kilometer forbi Grønstad skule).
Tilbake til Østebøhammeren kl. 15.00 laurdag.
Ta med: Sovepose, liggeunderlag, varmt tøy, regntøy, evt. badetøy. Spisebestikk, kopp, tallerken. Pakk i to lag plast – også soveposen.
Mat: Brød og pålegg til frokost laurdag, drikke til heile turen. ”Rett i koppen” e.l., for å få noko varmt drikke.
Fredag kveld: Gå saman to og to om ei suppe (suppepose) som de liker.
Laurdag: Gå saman to og to om pølser og potetstappe (hugs med melk) Vi kjøper litt mat til å lage på bål.
Påmelding innan måndag 30. mai
til Kari Anne Rafdal, 53 75 52 66.