ÅRSMELDING 2004

KFUK-KFUM-Speidarane i Etne har lagd nok eit aktivt år bak seg. Vi var om lag 70 betalande medlemmar i 2004.

Meiser og ulvungar hadde 14 møte og ein overnattingstur i 2004. Langt dei fleste møta var ute. Ofte var dei 30 og meir på møta.

Leiarar har vore Magnhild Halsnes, Marta Onstein, Anne Gunn Bjørnevik, Margit Aas Onstein (våren), Gunn Nordis Ekornrud, Hege Steindal, Solgun Håheim, Steinar Frønsdal og Torleif Sande (haust). I tillegg har mange andre foreldre vore med på møte ved behov.

Speidarane har hatt 15 møte og på to turar i vår og ein i haust. I tillegg var dei med på kretsleir (sjå nedanfor). Gutane og jentene har stort sett hatt møte på same plass, og med same program, men mykje av opplegget har vore i patruljer, og patruljeførarane har gjort ein stor innsats, båre i patruljene og ved instruksjonar for utvalde grupper.

Leiarar har vore Hanne Løvgren, Ingunn Frette, Kari Anne Rafdal, Bjørn Stødle (våren), Svein Egil Økland (våren), Ole Martin Grindheim (haust)og Atle Aas. Patruljeførarar har vore Vegard Ekrheim, Harald Frette Litlehamar, Ingjerd Løvgren Auestad, Silje Bru (våren) og Kari Aas Onstein. Roald Frette Litlehamar og Knut Ivar Halsnes er patruljeassistentar.

Roe Lauvås, Roald Frette Litlehamar, Knut Ivar Halsnes og Ingjerd Løvgren Auestad og Kari Aas Onstein hadde speidaren som ein del av konfirmantopplegget.

Avdelinga på Fjæra var ikkje aktive i 2004..

Nokre arrangement gjennom året:

Det har blitt tradisjon at speidarar i ungdomsskulealder, nokre leiarar og vener og vener sine vener reiser til Røldal på planleggingsweekend i januar. I 2003 var vi 16 personar med stort og smått.

I februar fylte vi nok ein gong Enge bedehus på årsfest med opptaking.

I mars var speidarane til Bordalen på skitur. Dessverre lot det seg ikkje gjere å setje opp igloar i år.

Palmesøndag var meiser og ulvungar med på familiegudsteneste i Grindheim kyrkje.

I mai var speidarane på padletur til Ekremsholmen. Ein flott tur.

I juni var meiser og ulvungar på Rødekorshytta. Der er det alltid kjekt å vere.

Vi var med på Kretsleir i Suldal, med 23 speidarar og vaksne. Nokon av oss såg for første gong sjukestua som pasientar. Elles var det ein kjekk leir.

 

Verd å nemne er også at i november bakte eit ukjent antal meiser og ulvungar lussekattar på 3 kjøken rundt i bygda. Det vart uhorveleg mange lussekattar. Takk til dei som stilte kjøkena til disposisjon.

Diverse:

Andre ting som er verd å nemne er at www.etnespeidar.com har vore oppdatert stort sett heile året. Det er stort sett Atle som har gjort dette arbeidet, og mange har besøkt sidene i år.

Økonomisk ser det ut til at vi kjem ut med eit overskot på kr 1.000 i 2004 og kapitalen ved inngangen til året er om lag 23.000 kroner.

Signe Ellen Fjæra har fulgt opp kontingentinnkreving.

Økonomisk støtte frå kommunen var 12.395, ein sum som gjer at vi kan ha eit høgt ambisjonsnivå, utan for store økonomiske bekymringar. Også frå Etne Sparebank, KM-Karane og Etne KFUK-KFUM har vi fått støtte i 2004.

Utstyret har også i år vore halde ved like, men det er nok trong for ein større oppgradering på kanohengar, kanoar og gamle telt. Vi kjøpte to nye patrulje tunneltelt i år. Det eine betalte Etne KFUK-KFUM. Takk til dei. Telta fungerte godt og er ein type vi skal satse på.

Utanfor gruppa var Margit Aas Onstein og Atle Aas med i programkomite til kretsleiren Suldal 2004, og Atle Aas er med i komite som skriv ny speidarbok.

Kut Ivar Halsnes og Roald Frette Litlehamar var på patruljeførarkurs I og II i 2004.

Margit Aas Onstein representerte gruppa/kretsen på Lands-RR-Samling på Kongsberg.

Vi har beslutta å prøve å invitere 15 ungdomar og 5 vaksne frå Beit Jala, kyrkja sin venskapskyrkjelyd, til ferieopphald til sommaren. Dette blir eit stort prosjekt om vi klarer å få inn pengar nok.

Etne 19.01.05

Atle Aas

Gruppeleiar