Til dei norske deltakarane på padleleiren

 

Padleleiren nærmar seg med kraftige padletak.

 

Bussen går frå Rodin måndag 27.6 kl 10.30. Det er buss frå Odda Rutebuss, vi håper med Tollef Rullestad som sjåfør.

 

Vi kjem heim fredag 1.7, om kvelden, mellom 19 og 21, sånn cirka – vi må ringe når vi er på veg.

 

Ta med: Sovepose, liggeunderlag, varmt tøy, regntøy, gode sko, spisebestikk, kopp, tallerken. Pakk alt (også sovepose) i to lag plastikk (søppelsekk opp i sekken, og så tøyet i bæreposar oppi den). Detaljert pakkeliste finn du på Etnespeidar.com, Tips og erfaringar i menyen til venstre.

 

OBS: Kvar deltakar må ha med minst to par ullsokkar i tillegg til dei du treng sjølv, for å kunne dele med våre utanlandske gjester. Ha gjerne ein ekstra, varm genser også, viss du har høve. Hugs å namne!

 

Det vil vere høve til å handle eit par plassar (Kilen Camping har gitt oss gratis overnatting, så vi kan godt bruke litt pengar i kiosken), eg veit ikkje kor mykje pengar det er lurt å ha med.

 

Vi padlar frå ein plass som heiter Fjågesund til Kilen Camping, neste dag til Strengen, og onsdag gjennom sluser til Nomestrand. På Nomestrand skal vi ligge to netter. Det kan hende vi padlar siste stykke på torsdag, og reiser tilbake til leiren på Nomestrand. Då får vi god tid på fredag.

 

Pris: Pr deltakar: 400,- (søsken nr 2 og 3 osv bet. Kr 200,-). Bussen betalar kvar kr 250,- for. Det inkluderer eit enkelt måltid kvar veg (bagett eller liknande). Betal pengane til speidarkontoen 3543 27 13 367.

 

Mat blir kjøpt inn på fellesen.

 

Atle vil ha mobil 489 99 751, Kari 958 67 905, Margit 908 65 130.

 

Vi ønskjer oss god tur og varmt vær!

 

Atle