Bestikkpose (oppbevaringspose)

 

Kutt stoff  80 x 32 cm (evt. 75 eller 70, dvs. halve bredden på stoffet.)

To snorer; 1 m kvar

 

FØREBUING:

Sy sikksakk langs alle sider som ikkje har jare. Brett inn mot vranga langs begge langsider, oppe og nede; 10 cm langt, 1 rute eller 1 cm breidt. Sy brettane.

 

LØPEGANG:

Brett kortsidene inn mot vranga; først 1 cm (1 rute), nål fast. Deretter 3 cm (3 ruter), nål fast og sy langs nedkanten av løpegangen. Evt. kan du sy ein saum til langs løpegangen, 1 1/2 cm (1 1/2 rute) frå den første saumen.

 

MOTIV:

Brett posen på langs på midten. Plasser speidarmotivet midt på framsida, nål fast og sy rundt, først med lange rettsting, deretter med tette små siksaksting ( applikasjonssting). Klipp forsiktig vekk overflødig lerret frå motivet.

 

POSEN:

Snu posen med vranga ut. Brett posen på langs på midten. Nål fast sidene og sy sidesaumane. Start / stopp 1 cm nedom løpegangen på kvar side.

Tre snor gjennom løpegangen. La snora slutta der ho starta. Knytt endane saman. Gjer likt med den andre snora, men la den starta i motsatt side av posen.